Fylkestinget svikta

Eit folkekrav at kystvegbygginga må starte no

Endringar i styret

Anne Kristin Førde, nytt styremedlem

På generalforsamlinga 4. mai 2020 blei det valt nytt styre i selskapet. Anne Kristin Førde, ordførar i Bremanger kommune, blir nytt styremedlem.

Dei tidlegare ordførarane Kristin Maurstad, Audun Åge Røys og Håkon Myrvang går ut av styret.

Styret blir redusert frå ni til sju medlemmer.

Det nye styret får slik samansetting:

  • Reidar Sandal, styreleiar
  • Anne Kristin Førde, styremedlem
  • Ola Teigen, styremedlem
  • Olve Grotle, styremedlem
  • Jorunn Frøyen, styremedlem
  • Hans-Petter Selstad, styremedlem
  • Stein Kvalsund, styremedlem

Generalforsamlinga hadde brei deltaking frå aksjonærane.

Ei mindre løyving

Vestland fylkesting har for 2020 vedteke ei mindre løyving (3,1 mill. kr) til ny fv. 614 Svelgen – Indrehus. Midlane skal brukast til å utarbeide reguleringsplan for prosjektet. Det er eit steg i rett retning, seier Reidar Sandal, styreleiar i Kystvegen Måløy – Florø AS.

I investeringsbudsjettet har fylkestinget ført opp følgande midlar til parsellen dei neste åra:

  • 2021: 157,3 mill. kr
  • 2022: 275,8 mill. kr
  • 2023: 275,8 mill. kr

Ny runde

I fylkestinget er det ei forståing at ein skal drøfte investeringsbudsjettet grundigare til våren., Det er uttalt at investeringsnivået i den nye fylkeskommunen samla sett er svært høgt og at nye vurderingar må gjerast snart.

Det er derfor grunn til å rekne med at det kan bli hard dragkamp om investeringsmidlane frå 2021 til 2023. Innsatsen må derfor vere sterk for å sikre at anleggsarbeidet på ny fv. 614 Svelgen – Indrehus kjem i gang i 2021 og blir drive kontinuerleg til det er fullført. Vi er sterkt motiverte til framleis å påverke fylkespolitikarane til å løyve nødvendige midlar til anlegget, uttaler Reidar Sandal.

Kart med trasé Svelgen-Indrehus.

Startløyving til kystvegen?

Prosjektrådmannen i Vestland fylkeskommune foreslår no at det skal bli gitt startløyving til fv. 614 Svelgen – Indrehus i budsjettet for 2020. Han går òg inn for løyving i påfølgande år til prosjektet er fullført. For nokre månader sidan la den same rådmannen fram ei negativ innstilling. Vi har no grunn til ein viss optimisme, seier Reidar Sandal, styreleiar i Kystvegen Måløy – Florø AS. Han minner om at det til slutt er dei nyvalde fylkespolitikarane som bestemmer.

Kystvegen Måløy – Florø AS har over tid engasjert seg sterkt for at ein skal komme i gang med bygging av første etappe av kystvegen, fv. 614 Svelgen – Indrehus. Det var derfor gledeleg at eit fleirtal i fylkestinget i Sogn og Fjordane i desember 2017 gjekk inn for at den første løyvinga til prosjektet skal bli gitt i budsjettet for 2020. Deretter skal ein arbeide kontinuerleg til anleggsarbeidet er fullført.

Statens vegvesen held no på å avslutte planleggingsarbeidet for parsellen. Dermed er også dei tekniske føresetnadene for utybygginga på plass.

Det har knytt seg spenning til om prosjektrådmannen i Vestland fylkeskommune ville foreslå løyving i sitt budsjettopplegg for 2020. I det siste arbeidsdokumentet som han la fram for finansutvalet, tilrår han startløyving til fv. 614 Svelgen – Indrehus for 2020. Han går også inn for at anleggsarbeidet deretter blir drive samanhengande til prosjektet er fullført.

Endeleg avgjerd er det fylkestinget i Vestland fylkeskommune som tek. Det skjer på møtet som blir halde 17. og 18 desember. Vi arbeider aktivt overfor dei folkevalde med sikte på at dei gjer positivt vedtak i saka, seier Reidar Sandal – slik at løyving blir gitt for 2020 og påfølgande år.

Politikarane må gi klarsignal for kystvegen

Reidar Sandal, styreleiar for Kystvegen Måløy – Florø AS

Å få bygt ein ny kystveg frå Måløy, via Svelgen til Florø er svært viktig for å skape ny aktivitet og optimisme i kystområda. Det nye fylkestinget må straks følge opp lovnaden som er gitt, og gi startløyving til å bygge parsellen Svelgen – Indrehus. Det er første etappe på den store utbygginga. Du kan utfordre politikarane når du møter dei.

Vekst på kysten

Når den nye kystvegen er bygd, får vi eit nytt, stort og viktig bu- og arbeidsområde på kysten av Sogn og Fjordane. Reisetida mellom Måløy og Florø blir meir enn halvert, og det vil gi ein sterk stimulans til utviklinga av næringslivet i fleire av kystkommunane. Arbeidstakarar får kortare reisetid til og frå jobb, og arbeidsmarknaden deira blir sterkt utvida.

Forsking viser at betre kommunikasjonar har svært mykje å seie for vekstkrafta i ulike lokalsamfunn. Det blir lagt stor vekt på samfersla når folk skal busette seg i eit område, og når næringslivet skal etablere seg eller utvide aktiviteten sin. Vegstandarden som no finst mellom Måløy og Florø, er altfor dårleg. Vi treng ei løysing som stettar moderne krav til vegstandard og som gir tilfredsstillande sikkerheit langs vegen.

Folkekrav

Kravet om ein kystveg frå Måløy, via Svelgen til Florø er svært godt grunngitt. Det må no vere eit folkekrav at utbygginga kjem i gang straks. Statens vegvesen er i sluttfasen med sitt planleggingsarbeid. Alt ligg til rette for å starte utbygginga.

Næringslivet i kystområda har gitt klar melding: Vegen må byggast straks. Den same bodskapen kjem frå dei folkevalde i kommunane. På tvers av politiske skillelinjer er kravet eintydig: Kystvegen må byggast snarast råd. No er det kystområda som står for tur til betre samferdsletilbod.

I kjernområdet for kystvegen bur ca. 25.000 menneske, nesten ein firedel av folketalet i Sogn og Fjordane. I tillegg har vegkravet støtte frå Naustdal kommune og Førde kommune, som har ordføraane sine som styremedlemmer i kystvegselskapet. Få vegkrav kan skilte med så brei tilslutning. Det må vise igjen når fylkespolitikarane skal gjere budsjettvedtak.

Fylkestinget vil ha kystveg

Under fylkestinget i Sogn og Fjordane i desember 2017 blei det gjort politiske vedtak om kystvegen. Eit fleirtal bestemte at første etappe av vegen skal byggast mellom Svelgen og Indrehus. Det blei gjort vedtak om at startløyving skal bli gitt for 2020. Neste etappe i utbygginga kjem seinare. Den gjeld kryssing av Nordfjord frå Tongane til Biskjelneset og bygging av tilførslevegar.

Det har dessverre vore fleire omkampar om saka. I 2018 gjorde fylkesrådmannen og eit stort mindretal i fylkeskommunale organ fleire forsøk på å utsette vedtaket om utbygging som fylkestinget hadde gjort. Heldigvis fekk vi til slutt fleirtal for å halde fast ved fylkestingsvedtaket frå desember 2017. Men vi må hugse på at motkreftene framleis er i aktivitet.

Kva gjer Vestland fylkeskommune?

Det var eit stort vonbrot at prosjektrådmannen i Vestland fylkeskommune rett før sommarferien bad om tilslutning til å utsette , eventuelt fjerne bygginga av fv. 614 Svelgen – Indrehus frå investeringsplanen for 2020. Endå ein omkamp.

Eit stort fleirtal i fellesnemnda (dvs. fylkesutvala i Hordalnad og Sogn og Fjordane) gav si tilslutning til prosjektrådmannen sitt syn. Denne haldninga ligg no til grunn for det vidare arbeidet med investeringsbudsjettet for 2020. Det blir endeleg fastsett i det nye fylkestinget i desember i år.

Heldigvis gjekk eit mindretal i fellesnemnda inn for å halde fast ved vedtak frå 2017 og gi startløyving til parsellen Svelgen – Indrehus. I mindretalet var ein høgrepolitikar og Arbeidarpartiet sine medlemmer av fellesnemnda. Vi må rekne med at saka om startløyving kjem til behandling under budsjettmøtet i desember. Då vil det nye fylkestinget bestemme om anleggsarbeidet startar opp i 2020 eller det blir utsett på ubestemt tid.

Valkampsak

Når du møter kandidatar til kommune- og fylkestingsvalet, må du gjerne utfordre dei. Spør dei kva for haldning dei har til bygging av kystvegen og til spørsmålet om startløyving for fv. 614 Svelgen -Indrehus no i haust. Er dei for eller imot løyving no? Kva vil dei gjere for å påverke sine folk i det nye fylkestinget? Be om forpliktande svar.

Kanskje vil svaret du får, ha noko å seie for kva for val du gjer på valdagen.

Fornya tillit

På generalforsamlinga i Svelgen 6. mai 2019 var 77 prosent av aksjekapitalen representert.

Årsmeldinga og årsrekneskapen for 2018 blei godkjende. Styret fekk fornya tillit. Det er samansett som følger: Reidar Sandal (styreleiar), Kristin Maurstad, Audun Røys, Ola Teigen, Håkon Myrvang, Olve Grotle, Jorunn Frøyen, Hans-Petter Selstad og Stein Kvalsund.

Valet var i samsvar med innstillinga frå valkomiteen, som Anne Kristin Førde var leiar for.

Nytt steg framover

Styret har hatt nytt møte og drøfta opplegget framover for Kystvegen Måløy – Florø AS.

Arbeidet med å planlegge bygginga av parsellen Svelgen – Indrehus går etter planen. Det er Statens vegvesen som har fått den oppgåva. Planlegginga skal vere ferdig neste år, har fylkestinget bestemt. Anleggsarbeidet må komme i gang så snart Statens vegvesen har avslutta sitt arbeid.

Vi er no i gang med å førebu neste steg i utbygginga. Det gjeld opparbeiding av tilførslevegar frå Hamnen til Tongane og frå Biskjelneset til Almenningsfjellet og kryssing av Nordfjord med bru. Arbeidet er omfattande og gjeld særleg planlegging, utgreiing og finansiering. Vi skal gjere vårt arbeid grundig slik at kommunar, fylkeskommune og stat kan ta raske avgjerder når den tid kjem.

19.9.2018

Reidar Sandal

Styret held fram

Foto av styret i Kystvegen Måløy – Florø AS 29. januar 2018.

Oppsummering frå styremøte 29. januar 2018

Selskapet hadde styremøte i Måløy 29. januar 2018.

Det var ein grundig gjennomgang av behandlinga av kystvegsaka i fylkestinget i desember. Fire hovudspørsmål for oss blei behandla der. Tre av dei fekk eit utfall i samsvar med selskapet sitt syn, bygging av parsellen Svelgen – Indrehus, bru over Nordfjorden med tilførslevegar og rekkefølge ved utbygginga.

Det er god grunn til å glede seg over utfallet. Arbeidet blir no følgt opp.

Styret fastsette arbeidsplan og budsjett for inneverande år.

Generalforsamling skal haldast 16. april.

(Foto: Styret på styremøtet i Kystvegen Måløy – Florø AS 29. januar 2018.)