Innspel til Vestland fylkeskommune – Regional transportplan

I Vestland fylkeskommune arbeider ein no med å lage Regional transportplan for 2022-2033. Vedtak i saka skal gjerast i desember 2021.

Kystvegen Måløy – Florø AS har sendt innspel til arbeidet. Utdrag frå skrivet vårt følger her:

Ny fv. 614 Svelgen – Indrehus

Kystvegen Måløy – Florø AS vil oppmode dei folkevalde om å vurdere ei framskunding av oppstarten av arbeidet på anlegget. Det vil bli svært godt motteke i opinionen.

Ny fv. 614 Svelgen – Indrehus er allereie inne i fylkeskommunale planar på samferdslesektoren. Vi minner om at anlegget blei det høgast prioriterte fylkesveganlegget i Sogn og Fjordane då fylkestinget behandla Regional transportplan for 2017-2021. Det må vege tungt når nye prioriteringar skal gjerast for fylkesvegane i den nye fylkeskommunen.

Vi reknar det som sjølvsagt at ny fv. 614 Svelgen – Indrehus blir positivt omtalt i den nye regionale transportplanen. Anlegget må ha høgaste prioritet av fylkesveganlegga i perioden som vi no går inn i.

Kryssing av Ytre Nordfjord

Kystvegen Måløy – Florø AS går inn for at det skal byggast bru frå Tongane til Biskjelneset. Dessutan må det opparbeidast tilførslevegar frå Hamnen til Tongane i Bremanger kommune og frå Biskjelneset til Almenningsfjellet i Kinn kommune. Dette er det billegaste av alternativa som Statens vegvesen har utgreidd. Det er også den løysinga som fagetaten har tilrådd.

Vi har fått Aas-Jakobsen AS til å utarbeide skisser til korleis fjordkryssinga kan skje. Det er laga ulike illustrasjonar som viser ulike brualternativ. Djupneforholda i fjorden er også klargjorde i eigne framstillingar. Dei viser at det eit godt stykke inn i fjordbassenget, særleg i sør, er lita djupne, noko som vil gjere fundamenteringsarbeidet for brua vesentleg enklare enn om djupna var stor i heile sjøområdet.

Bygging av bru over Ytre Nordfjord og opparbeiding av tilførslevegar på sør- og nordsida av brua er tenkt finansierte m.a. av ferjeavløysingsmidlar. Vi meiner at prosjektet fell inn under den nemnde ordninga. Når bru er bygd og tilførslevegar er opparbeidde, kan ferjesambandet Måløy – Oldeide leggast ned. Det vil derfor vere naturleg at ein går i dialog med staten for å få i stand ei løysing med ferjeavløysingsmidlar. Dessutan meiner vi at det skal brukast bompengar for å finansiere delar av fjordkryssinga og tilførslevegane. Det kan vere aktuelt med eit mindre offentleg birdag for å sikre den endelege finansieringa av prosjektet.

Siv.ing. Helge Hopen AS har vore engasjert av oss for å gjere analysar og utarbeide trafikk- og finansieringsopplegg for fjordkryssinga og tilførslevegane med basis i Statens vegvesens utgreiing.

Kystvegen Måløy – Florø AS meiner at bru over Ytre Nordfjord og bygging av tilførslevegar på begge sider av brua må få ei positiv og konkret omtale i den nye regionale transportplanen. Det vil ha svært mykje å seie for den vidare framdrifta i prosjektet.