Fylkestinget svikta

16.12.2020

Fv. 614 Svelgen – Indrehus:

Fylkestinget gjorde i går vedtak om fleire års utsetting med oppstart av arbeidet på fv. 614 Svelgen – Indrehus. I realiteten har ein gitt prosjektet ein usikker lagnad. Det er Kystvegen Måløy – Florø AS svært skuffa over.

I desember i fjor vedtok eit samrøystes fylkesting at anleggsarbeidet skulle starte i 2021. Dette gjekk fleirtalet no vekk frå. Det nye opplegget er at det skal løyvast 5 mill. kr til prosjektet i 2023 og 45 mill. kr i 2024. For alle praktiske formål betyr det at anleggsarbeidet ikkje kjem i gang inneverande fylkestingsperiode. Fleirtalet i fylkestinget har svikta.

Derimot er det gledeleg at Høgre og Framstegspartiet fremma kvar sine forslag som innfrir kystvegselskapet sitt krav om oppstart neste år og deretter kontinuerleg drift. Forslaga legg opp til følgande løyving:
2021: 10 mill. kr
2022: 500 mill. kr
2023: 500 mill. kr
2024: 450 mill. kr