Helge Robert Midtbø er nytt styremedlem

På ekstraordinær generalforsamling i Kystvegen Måløy – Florø AS 19.11.2021 blei Helge Robert Midtbø vald til nytt styremedlem. Han er formannskapsmedlem i Sunnfjord kommune og leiar for det største opposisjonspartiet.

Midtbø tek over styreplassen etter Olve Grotle som har bede seg friteken etter at han tidlegare i haust blei vald til stortingsrepresentant.

Vi ønsker Helge Robert Midtbø velkommen til arbeidet for eit nytt vegsamband på kysten