Politikarane må gi klarsignal for kystvegen

Reidar Sandal, styreleiar for Kystvegen Måløy – Florø AS

Å få bygt ein ny kystveg frå Måløy, via Svelgen til Florø er svært viktig for å skape ny aktivitet og optimisme i kystområda. Det nye fylkestinget må straks følge opp lovnaden som er gitt, og gi startløyving til å bygge parsellen Svelgen – Indrehus. Det er første etappe på den store utbygginga. Du kan utfordre politikarane når du møter dei.

Vekst på kysten

Når den nye kystvegen er bygd, får vi eit nytt, stort og viktig bu- og arbeidsområde på kysten av Sogn og Fjordane. Reisetida mellom Måløy og Florø blir meir enn halvert, og det vil gi ein sterk stimulans til utviklinga av næringslivet i fleire av kystkommunane. Arbeidstakarar får kortare reisetid til og frå jobb, og arbeidsmarknaden deira blir sterkt utvida.

Forsking viser at betre kommunikasjonar har svært mykje å seie for vekstkrafta i ulike lokalsamfunn. Det blir lagt stor vekt på samfersla når folk skal busette seg i eit område, og når næringslivet skal etablere seg eller utvide aktiviteten sin. Vegstandarden som no finst mellom Måløy og Florø, er altfor dårleg. Vi treng ei løysing som stettar moderne krav til vegstandard og som gir tilfredsstillande sikkerheit langs vegen.

Folkekrav

Kravet om ein kystveg frå Måløy, via Svelgen til Florø er svært godt grunngitt. Det må no vere eit folkekrav at utbygginga kjem i gang straks. Statens vegvesen er i sluttfasen med sitt planleggingsarbeid. Alt ligg til rette for å starte utbygginga.

Næringslivet i kystområda har gitt klar melding: Vegen må byggast straks. Den same bodskapen kjem frå dei folkevalde i kommunane. På tvers av politiske skillelinjer er kravet eintydig: Kystvegen må byggast snarast råd. No er det kystområda som står for tur til betre samferdsletilbod.

I kjernområdet for kystvegen bur ca. 25.000 menneske, nesten ein firedel av folketalet i Sogn og Fjordane. I tillegg har vegkravet støtte frå Naustdal kommune og Førde kommune, som har ordføraane sine som styremedlemmer i kystvegselskapet. Få vegkrav kan skilte med så brei tilslutning. Det må vise igjen når fylkespolitikarane skal gjere budsjettvedtak.

Fylkestinget vil ha kystveg

Under fylkestinget i Sogn og Fjordane i desember 2017 blei det gjort politiske vedtak om kystvegen. Eit fleirtal bestemte at første etappe av vegen skal byggast mellom Svelgen og Indrehus. Det blei gjort vedtak om at startløyving skal bli gitt for 2020. Neste etappe i utbygginga kjem seinare. Den gjeld kryssing av Nordfjord frå Tongane til Biskjelneset og bygging av tilførslevegar.

Det har dessverre vore fleire omkampar om saka. I 2018 gjorde fylkesrådmannen og eit stort mindretal i fylkeskommunale organ fleire forsøk på å utsette vedtaket om utbygging som fylkestinget hadde gjort. Heldigvis fekk vi til slutt fleirtal for å halde fast ved fylkestingsvedtaket frå desember 2017. Men vi må hugse på at motkreftene framleis er i aktivitet.

Kva gjer Vestland fylkeskommune?

Det var eit stort vonbrot at prosjektrådmannen i Vestland fylkeskommune rett før sommarferien bad om tilslutning til å utsette , eventuelt fjerne bygginga av fv. 614 Svelgen – Indrehus frå investeringsplanen for 2020. Endå ein omkamp.

Eit stort fleirtal i fellesnemnda (dvs. fylkesutvala i Hordalnad og Sogn og Fjordane) gav si tilslutning til prosjektrådmannen sitt syn. Denne haldninga ligg no til grunn for det vidare arbeidet med investeringsbudsjettet for 2020. Det blir endeleg fastsett i det nye fylkestinget i desember i år.

Heldigvis gjekk eit mindretal i fellesnemnda inn for å halde fast ved vedtak frå 2017 og gi startløyving til parsellen Svelgen – Indrehus. I mindretalet var ein høgrepolitikar og Arbeidarpartiet sine medlemmer av fellesnemnda. Vi må rekne med at saka om startløyving kjem til behandling under budsjettmøtet i desember. Då vil det nye fylkestinget bestemme om anleggsarbeidet startar opp i 2020 eller det blir utsett på ubestemt tid.

Valkampsak

Når du møter kandidatar til kommune- og fylkestingsvalet, må du gjerne utfordre dei. Spør dei kva for haldning dei har til bygging av kystvegen og til spørsmålet om startløyving for fv. 614 Svelgen -Indrehus no i haust. Er dei for eller imot løyving no? Kva vil dei gjere for å påverke sine folk i det nye fylkestinget? Be om forpliktande svar.

Kanskje vil svaret du får, ha noko å seie for kva for val du gjer på valdagen.