Kart med trasé Svelgen-Indrehus.

Startløyving til kystvegen?

Prosjektrådmannen i Vestland fylkeskommune foreslår no at det skal bli gitt startløyving til fv. 614 Svelgen – Indrehus i budsjettet for 2020. Han går òg inn for løyving i påfølgande år til prosjektet er fullført. For nokre månader sidan la den same rådmannen fram ei negativ innstilling. Vi har no grunn til ein viss optimisme, seier Reidar Sandal, styreleiar i Kystvegen Måløy – Florø AS. Han minner om at det til slutt er dei nyvalde fylkespolitikarane som bestemmer.

Kystvegen Måløy – Florø AS har over tid engasjert seg sterkt for at ein skal komme i gang med bygging av første etappe av kystvegen, fv. 614 Svelgen – Indrehus. Det var derfor gledeleg at eit fleirtal i fylkestinget i Sogn og Fjordane i desember 2017 gjekk inn for at den første løyvinga til prosjektet skal bli gitt i budsjettet for 2020. Deretter skal ein arbeide kontinuerleg til anleggsarbeidet er fullført.

Statens vegvesen held no på å avslutte planleggingsarbeidet for parsellen. Dermed er også dei tekniske føresetnadene for utybygginga på plass.

Det har knytt seg spenning til om prosjektrådmannen i Vestland fylkeskommune ville foreslå løyving i sitt budsjettopplegg for 2020. I det siste arbeidsdokumentet som han la fram for finansutvalet, tilrår han startløyving til fv. 614 Svelgen – Indrehus for 2020. Han går også inn for at anleggsarbeidet deretter blir drive samanhengande til prosjektet er fullført.

Endeleg avgjerd er det fylkestinget i Vestland fylkeskommune som tek. Det skjer på møtet som blir halde 17. og 18 desember. Vi arbeider aktivt overfor dei folkevalde med sikte på at dei gjer positivt vedtak i saka, seier Reidar Sandal – slik at løyving blir gitt for 2020 og påfølgande år.