Bilete av fylketinget i Sogn og Fjordane.

– Viktig steg framover

– Kystvegen Måløy – Florø AS har arbeidd svært aktivt for å få fylkestinget til å slutte seg til synspunkta til selskapet i samband med behandlinga av regional transportplan for dei kommande fire åra. Det har vore gjort eit omfattande arbeid for å informere og påverke fylkestingsmedlemmer, tillitsvalde i ulike parti, opinionsdannarar og organisasjons- og bedriftsleiarar, uttaler styreleiar Reidar Sandal.

Utgangspunktet var krevande. Fleirtalet i samferdsleutvalet gjekk mot selskapet sine synspunkt når det gjeld hovudsakene våre. Det same gjorde fleirtalet i fylkesutvalet.

Under behandlinga i fylkestinget 6. desember er statusen som følger:

  • Eit fleirtal i fylkestinget (17 stemmer) går inn for å bygge parsellen Svelgen – Indrehus. Planlegginga skal starte allereie neste år. Det er tenkt brukt 15 mill. kr til prosjektet i 2020. Året etter skal det brukast 150 mill. kr. Fullfinansieringa skal skje i 2022-2024.
    Ei slik satsing er i samsvar med kystvegselskapet sitt opplegg.
  • Eit fleirtal i fylkestinget (21 stemmer) går inn for at det skal byggast bru over Nordfjorden, frå Tongane til Biskjelneset, med tilførslevegar.
    Dette er eitt av hovudkrava frå Kystvegen Måløy – Florø AS og er dermed eit vedtak som vi er svært tilfredse med.
  • Eit anna fleirtal i fylkestinget (18 stemmer) meiner at den sørlege delen av kystvegen skal ende på Grov.
    Dette standpunktet er i strid med kystvegselskapet si haldning. Vi meiner at denne vegparsellen bør byggast over Terøya og ende i Botnastranda, aust for Florø sentrum.
  • Fleirtalet i fylkestinget har i praksis slutta seg til den utbyggingsrekkefølga som kystvegselskapet har gått inn for:
    • Først bygge ny veg mellom Svelgen og Indrehus
    • Deretter bygge bru over Nordfjorden, frå Tongane til Biskjelneset, med tilførslevegar.
    • Dei sørlegare parsellane på kystvegen må byggast deretter.

Statens vegvesen derimot tilrådde å starte utbygginga i den sørlegaste delen, frå Haukå til Myklebustdalen. Fylkesadministrasjonen tilrådde òg det.

Positive avklaringar

– Vi er glade for dei positive avklaringane som fylkestinget har gjort. Det gjer oss i stand til å kunne halde trykket oppe i arbeidet med å få bygt kystvegen. I tre av fire hovudspørsmål fekk vi fleirtal i fylkestinget for det synet som kystvegselskapet har. Det er definitivt positivt, uttaler styreleiar Reidar Sandal. Han er skuffa over at eit fleirtal i fylkestinget har valt Grov som endepunkt for den sørlege delen av kystvegen.

 

(Biletet er frå eit møte i Fylkestinget i Sogn og Fjordane. Foto : Birthe Johanne Finstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune, CC BY-NC-SA 2.0)