Samferdsel avgjer framtida for arbeidsplassar i Svelgen

Gode vegar er avgjerande for at næringslivet i regionen skal vere konkurransedyktig og berekraftig, meiner Hroar Holm Carlsen, direktør ved Elkem i Svelgen.

– Det å ha gode vegar er viktig for å sikre sysselsettinga. Vi må tenkje meir regionalt enn berre lokalt. Å kople saman sentrale knutepunkt i distrikts-Noreg på ein effektiv måte er heilt avgjerande om vi skal vere attraktive og konkurransedyktige på lang sikt, seier han.

Carlsen peikar på at ei god samferdselsåre mellom Florø og Måløy vil styrke heile regionen. Det vil gjere det lettare for folk å bu i ulike delar av regionen og pendle til arbeidsplassar, til dømes til Elkem i Svelgen.

– Vi har tilsette som bur i Naustdal, Førde og Florø. At dei kan pendle til og frå jobb på ein trygg og effektiv måte, er viktig for oss. Gode vegar bind distrikta saman og legg til rette for bustad og arbeid i heile regionen, seier Carlsen.

Elkem har vore ei hjørnesteinsverksemd i Svelgen i generasjonar, og Carlsen er tydeleg på at selskapet vil bli verande der i framtida. Men for at det skal vere mogleg, må ein også ha ei god infrastruktur rundt seg.

– Samferdsel er avgjerande for oss. Både for at tilsette skal ha ein god kvardag, men også for å sikre trygg og effektiv transport av varer inn og ut. Det handlar om å vere konkurransedyktige og attraktive, og det er ei investering i framtida, seier han.

Særleg strekninga mellom Svelgen og Indrehus trekk Carlsen fram som eit kritisk punkt.

– Den strekninga er smal, svingete og lite tilpassa dagens krav. For oss er dette ei høgt prioritert sak. Vi må ha betre vegar om vi skal utvikle oss vidare, seier han.