Nedslåande vedtak

Fylkestinget gjorde 21. juni eit vedtak som er nedslåande for alle oss som ønsker ein ny kystveg frå Måløy via Svelgen til Florø., uttaler styreleiar Reidar Sandal . Regional transportplan for dei kommande elleve åra var til behandling i fylkestinget i Rosendal i går.

Fylkespolitikarane vedtok at ein « … ikkje (ser) korleis ein skal klare å løfte dette prosjektet innanfor rammene til fylkeskommunen». Det er fv. 614 Svelgen – Indrehus som her blir omtalt. 

Fylkestinget vedtok dessutan følgande: «Fylkesdirektøren vert bedt om å legge fram ei sak der ein ser på evt. etappevis utbygging/utbetring, inkl. eksterne finansieringskjelder som ferjeavløysingsmidlar og anna bidrag». 

Dette må forståast slik at ny utgreiing skal settast i gang med ukjent resultat. Det gjer meg uroleg for den vidare lagnaden for kystvegen, seier Reidar Sandal.

– Eg er frykteleg skuffa. Vi treng denne vegen!

Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde er svært oppgitt etter tysdagens fylkestingsmøte, der Svelgen – Indrehus vart nedprioritert til fordel for ei ny Kystveg-utgreiing.

Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde er svært oppgitt etter tysdagens fylkestingsmøte, der Svelgen – Indrehus vart nedprioritert til fordel for ei ny Kystveg-utgreiing.

 

Bremanger-ordføraren var til stades på fylkestinget som tilhøyrar, saman med Kinn-ordførar Ola Teigen og Kystvegen-styreleiar Reidar Sandal. Førde hadde eit håp om at Kystveg-parsellen Svelgen – Indrehus skulle bli prioritert vidare, men måtte reise heim tomhendt etter eit fleirtalsvedtak i regi av Høgre.

– Eg er kjempeskuffa, seier Anne Kristin Førde (Ap) til Firdaposten.

– Vi har jo skjønt teikninga, vi har fått signal om dette. Vi hadde likevel eit håp om å kunne snu det. Men det gjekk ikkje, dessverre. Eg er redd dette vedtaket vil føre til ei trenering, seier ho.

Argumenta som vart brukt på fylkestinget er at det ikkje er nok pengar til eit så kostnadskrevjande prosjekt som Svelgen – Indrehus, og at ei brukryssing i ytre Nordfjord har større effekt og vil få meir trafikk.

– Så då startar ein heller med ei ny utgreiing enn eit gryteklart prosjekt. Eg er oppgitt. Og ikkje berre litt.

Då ho såg kor det bar, håpa ho at Frp sitt vedtak skulle få gjennomslag. Det var meir konkret, sjølv om det handla om å prioritere bru i ytre Nordfjord heller enn Svelgen-Indrehus. Men fleirtalet gjekk for ei ny kystvegutgreiing:

– Mange lova mykje

Samstundes som ho er svært skuffa er ho glad for at ho var til stades på møtet og fekk høyre kva som vart sagt frå talarstolen.

– Alle som var framme omtalte Kystvegen som «eit så viktig prosjekt», for ein felles bu- og arbeidsmarknad i regionen, for næringslivet, og for rundt 50.000 menneske. Og dei sa dei hadde  dårleg samvit. Men likevel så tar dei ikkje med Svelgen-Indrehus, poengterer ordføraren.

Førde seier det var mykje som vart lova munnleg frå talarstolen, og ho kjem til å minne fylkespolitikarane på kva dei har sagt.

– Vi kjem ikkje til å gi oss. Vi lyt berre brette opp ermene og kjempe vidare. Vi som er i styret i Kystvegen får sette oss ned og sjå kva vi skal gjere vidare, avsluttar ho.