Kystvegen Måløy – Florø AS: Regional transportplan 2022-2033 – høyringsfråsegn

Til: Vestland fylkeskommune
Frå: 45minuttsregionen

Regional transportplan 2022 – 2033 – høyringsfråsegn

Vi viser til Vestland fylkeskommune sitt saksdokument om Regional transportplan for 2022-2033.

Kystvegen Måløy – Florø AS tilèt seg med dette å komme med innspel til det vidare arbeidet med transportplanen.

Selskapet er eigd av 37 aksjonærar, 11 kommunar og 26 private selskap. Formålet med verksemda er å få bygd ein ny og tidsmessig veg frå Måløy via Svelgen til Florø.

Det er stort behov for ein ny veg på den nemnde strekninga. Den skal gå gjennom ein sterk kystregion og har direkte relevans for over 45.000 innbyggarar, i vestleg del av Stad kommune, i Bremanger kommune, Kinn kommune og Sunnfjord kommune. Næringsaktørane i området har gitt svært klar melding om at det er påtrengande behov for ein tidsmessig veg slik at ein får stetta sine transportbehov. Det finst mange store og ekspanderande bedrifter i området som har stort behov for transport av varer og tenester til og frå lokala sine.

I dag er det stor pendlartrafikk i området som kystvegen skal gå gjennom. Vilkåra for dei reisande vil bli sterkt forbetra når det nye sambandet er ferdig utbygt. Dessutan vil ny veg binde betre saman kommunane i området, som i dag har klare hinder i samferdsla på grunn av dårleg veg og lang reisetid. Elles er det eit sjølvstendig og strekt moment for vegbygginga at trafikksikkerheita vil auke.

Når den nye og moderne vegen frå Måløy via Svelgen til Florø står ferdig, vil reisetida mellom dei to endepunkta vere meir enn halvert. Det vil representere eit svært stort og positivt omskifte for alle dei som er avhengige av og som ferdast langs strekninga.

Kystvegen Måløy – Florø AS går inn for ei etappevis utbygging av kystvegen. Dei to høgast prioriterte etappane er:

  • ny fv. 614 Svelgen – Indrehus og
  • bru over Ytre Nordfjord frå Tongane til Biskjelneset og tilførslevegar på sør- og nordsida av fjorden

Ny fv. 614 Svelgen – Indrehus

Vestland fylkeskommune har prosjektert bygging av ny fv. 614 Svelgen – Indrehus. Det skal lagast ein lengre tunnel frå Svelgen til Indrehus og to kortare tunnelar sør for Indrehus i tillegg til noko veg i dagen. Arbeidet er kostnadsrekna av fylkeskommunen, og saka blei behandla i fylkestinget i juni 2020.

Selskapet hadde grunn til å håpe på oppstart av anleggsarbeidet i 2021, etter at fylkestinget i desember året før la inn vesentlege midlar til prosjektet dei fire påfølgande åra. Det var derfor eit stort vonbrot i kystområda i nordre del av Vestland fylke at fleirtalet i fylkestinget utsette oppstart av arbeidet med fleire år. Eit mindretal i fylkestinget stemte for forslag om å komme i gang med anleggsarbeidet i 2021.

Kystvegen Måløy – Florø AS vil oppmode dei folkevalde om å vurdere ei framskunding av oppstarten av arbeidet på anlegget. Det vil bli svært godt motteke i opinionen.

Ny fv. 614 Svelgen – Indrehus er allereie inne i fylkeskommunale planar på samferdslesektoren. Vi minner om at anlegget blei det høgast prioriterte fylkesveganlegget i Sogn og Fjordane då fylkestinget behandla Regional transportplan for 2017-2021. Det må vege tungt når nye prioriteringar skal gjerast for fylkesvegane i den nye fylkeskommunen.

Vi reknar det som sjølvsagt at ny fv. 614 Svelgen – Indrehus blir positivt omtalt i den nye regionale transportplanen. Anlegget må ha høgaste prioritet av fylkesveganlegga i perioden som vi no går inn i.

Kryssing av Ytre Nordfjord

Vi viser til utgreiinga «Kystvegen gjennom Sogn og Fjordane» som blei utarbeidd av Statens vegvesen, region vest i februar 2017. Arbeidet blei gjort etter oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. I det nemnde dokumentet er kryssing av Ytre Nordfjord omtalt. Ulike alternativ er vurderte.

Kystvegen Måløy – Florø AS går inn for at det skal byggast bru frå Tongane til Biskjelneset. Dessutan må det opparbeidast tilførslevegar frå Hamnen til Tongane i Bremanger kommune og frå Biskjelneset til Almenningsfjellet i Kinn kommune. Dette er det billegate av alternativa som Statens vegvesen utgreidde. Det er også den løysinga som fagetaten tilrådde.

Vi har fått Aas-Jakobsen AS til å utarbeide skisser til korleis fjordkryssinga kan skje. Det er laga ulike illustrasjonar som viser forskjellige brualternativ. Djupneforholda i fjorden er også klargjorde i eigne framstillingar. Dei viser at det eit godt stykke inn i fjordbassenget, særleg i sør, er lita djupne, noko som vil gjere fundamenteringsarbeidet for brua vesentleg enklare enn om djupna var stor i heile sjøområdet.

Finansiering

Bygging av bru over Ytre Nordfjord og opparbeiding av tilførslevegar på sør- opg nordsida av brua er tenkt finansierte m.a. av ferjeavløysingsmidlar. Vi meiner at prosjektet fell inn under den nemnde ordninga. Når bru er bygd og tilførslevegar er opparbeidde, kan ferjesambandet Måløy – Oldeide leggast ned. Det vil derfor vere naturleg at ein går i dialog med staten for å få i stand ei løysing med ferjeavløysingsmidlar. Dessutann meiner vi at det skal brukast bompengar for å finansiere delar av fjordkryssinga og tilførslevegane. Det kan eventuelt vere aktuelt med eit mindre offentleg bidrag for å sikre den endelege finansieringa av prosjektet.

Siv.ing. Helge Hopen AS har vore engasjert av oss for å gjere analysar og utarbeide trafikk- og finansieringsopplegg for fjordkryssinga og tilførslevegane med basis i Statens vegvesens utgreiing. Materialet frå Helge Hopen AS følger vedlagt (jf. Trafikk- og finansieringsanalyse).

Det blei i 2014 lagt til grunn ein anleggskostnad for bygging av bru og tilførslevegar på 2,5 mrd. kr, eksklusiv meirverdiavgift.

Helge Hopen AS har i 2019 esitmert bompengebidraget til ca. 1 mrd. kr. Kystvegen Måløy – Florø AS meiner at dette bidraget gjerne kan aukast.

Vi har registrert klart positiv haldning til bompengefinansiering av utbygginga i Bremanger kommune og Kinn kommune. Saka har vore prøvd i kommunale organ tidlegare – før ein hadde så omfattande og konkrete planar som no. Det er ingen grunn til å tru at haldninga til brukarfinansiering er mindre positiv no. Saka om kommunal behandling av bompengespørsmålet vil bli fremma om heller kort tid.

Kystvegen Måløy – Florø AS meiner at bru over Ytre Nordfjord og bygging av tilførslevegar på begge sider av brua må få ei positiv og konkret omtale i den nye regionale transportplanen. Det har svært mykje å seie for den vidare framdrifta i prosjektet.

Vi ønsker lykke til med det vidare planarbeidet og står gjerne til teneste om det er behov for det.

Med helsing
Kystvegen Måløy – Florø AS
Reidar Sandal styreleiar