Gjennombrot for 45-minuttsregionen

Hovudutval for Samferdsle i fylket fatta den 24.11.09 følgande samrøystes vedtak om 45-minuttsregionen i samband med behandling av Fylkesvegplanen 2010-13 (19):

a) Fylkestinget meiner ei rask realisering av 45-minuttsregionen (samanhengande kystveg Måløy-Florø) vil vere svært viktig for å skape vekst og utvikling knytt til næringsliv på kysten av Sogn og Fjordane, og er ei naturleg vidareføring av Bremangersambandet del 2

b) Fylkestinget stør kravet om ein statleg regionbyggingspakke for 45-minuttsregionen, og vil arbeide opp mot statlege styresmakter for å få ein slik pakke realisert

c) Fylkeskommunen vil samarbeide med berørte kommunar om å få fram eit finansieringsopplegg som syner korleis prosjektet kan realiserast i neste tiårsperiode gjennom finansiering utanom fylket sine ordinære investeringsmidlar, mellom anna gjennom utvida brukarfinansiering og statleg regionbyggingspakke

d) Fylkestinget er innstilt på å avsette midlar til planlegging av vegparsellane i 45-minuttsregionen i første del av planperioden (2010-13)

Les Firdaposten her