AP vil finansiere kystvegen med ferjeavløsningsmidler fra Stårheim-Isane

Arbeidarpartiet sitt fylkesårsmøte vedtok følgende uttalelse om 45-minuttsregionen:

«Sogn og Fjordane Arbeidarparti skal halde fram arbeidet med å få realisert kystvegen mellom Måløy og Florø. Dette inkluderer i første omgang Svelgen – Indrehus, deretter kryssing av ytre Nordfjord (Rugsundøy – Vemmelsvik) med bru eller ferje, med tilførselsvegar. Realisering av kystvegen mellom Måløy og Florø er svært viktig for både næringsliv og busetnad i regionen. Vegen er også ein del av kystvegen Ålesund – Bergen, og vil i tillegg til å knyte saman kystbyane Måløy og Florø, gje betre kommunikasjonar til sterke næringsklynger langs kysten, som t.d. Sunnmøre. Samtidig vil innbyggjarane i ytre Nordfjord få kortare reisetid til helsetenester og andre tilbod i Førde. Opninga av Bremanger 2 i mai 2013 kutta reisetida mellom Måløy og Førde/Florø merkbart, og trafikktala har auka markant. For å få ytterlegare redusert reisetida og bli kvitt smale og trafikkfarlege strekningar, må resten av tiltaka fullførast. Bremanger kommune er i sluttfasen i arbeidet med reguleringsplan for strekninga Svelgen – Indrehus. Når det gjeld kryssing av Nordfjorden, med tilførselsvegar, jobbar Bremanger og Vågsøy kommune saman om reguleringsplan. Næringslivet i regionen har engasjert seg sterkt i arbeidet med 45-minuttsregionen, og peikar spesielt på vegen sin funksjon som samanbindingsveg mellom industrien og hamnene. Finansieringa kan bestå av bompengar, fylkeskommunale midlar, og statleg medfinansiering lovd av den nye regjeringa. Dersom ein vel bruløysing over ytre Nordfjord, vil ferjeavløysingsmidlar for sambanda Måløy – Oldeide og Stårheim – Isane kome i tillegg».

Sogn og Fjordane AP

Se kommentarer i media:

Fjordabladet

NRK Sogn og Fjordane