Ein ny veg for framtida – både for næringslivet og folk flest

45-minuttsregionen arbeider for å realisere ein moderne og framtidsretta veg mellom Måløy, via Svelgen og til Florø. Målet er klart: betre samferdsle vil knyte saman regionen, styrke næringslivet og gi folk ein tryggare, kortare og meir føreseieleg kvardag.

Ei livsnerve for næringslivet

For bedrifter som Steinvik Fiskefarm, som har oppdrett i Svelgen, er dagens vegtilkomst ei utfordring. – Det å kunne frakte både folk og fisk på ein trygg, sikker og rask måte vil vere ein stor fordel, seier Erlend Vassbotn i selskapet. Han understrekar at betre veg ikkje berre handlar om effektiv transport, men òg om beredskap.

– Vi kan vere avhengige av spesialpersonell eller utrykking. Då er det avgjerande at dei kjem seg raskt fram – og i det heile teke kjem seg fram. Vi har sett døme på at Magnhildskartunnelen har vore stengd, og då står alt på vent, seier Vassbotn.

Tryggleik og trivsel for folk i kvardagen

Ein ny og tryggare veg vil også bety mykje for dei som bur og jobbar i området. Pendling skal vere mogleg utan at det går ut over tid til familie, fritid og kvile. – Mange ønskjer i dag å få meir ut av fritida si. Ein raskare veg til jobb betyr meir tid til å hente og bringe i barnehage og på fritidsaktivitetar, og til å vere til stades i kvardagen, seier Vassbotn.

Han peikar òg på at dette vil kunne påverke rekrutteringa positivt: – Ein kortare og sikrare reiseveg vil gjere det meir attraktivt å pendle til Svelgen, og lette tilgangen på kompetanse i distrikta.

Ein samanhengande region

Dersom kystvegen blir bygd etter det opplegget vi arbeider for, blir reisetida frå Måløy til Florø om lag halvert, til ca. ein time. Næringslivet i Måløy, Bremanger og Florø blir knytt nærmare saman. Det vil skape nye moglegheiter for samarbeid, arbeidskraft og vekst på tvers av regionen.

Prosjektet handlar ikkje berre om asfalt og tunnelar – det handlar om å byggje framtida for ein sterk, levande og tilgjengeleg kystregion.