Oppføringer av

Klar for ny budsjettkamp for Kystvegen

– Det er definitivt kamp om ressursane i Vestland fylkeskommune, slår styreleiar Reidar Sandal i Kystvegen Måløy-Florø fast. På vegner av selskapet ber styreleiaren no om nytt tilskot frå eigarkommunane som utgjer majoriteten i selskapet , 106.667 kroner frå Bremanger og 214.333 kroner frå Kinn. Sunnfjord kommune er også ein av aksjonærane. Sjå saka i […]

Startløyving til kystvegen?

Prosjektrådmannen i Vestland fylkeskommune foreslår no at det skal bli gitt startløyving til fv. 614 Svelgen – Indrehus i budsjettet for 2020. Han går òg inn for løyving i påfølgande år til prosjektet er fullført. For nokre månader sidan la den same rådmannen fram ei negativ innstilling. Vi har no grunn til ein viss optimisme, seier Reidar Sandal, styreleiar i Kystvegen Måløy – Florø AS. Han minner om at det til slutt er dei nyvalde fylkespolitikarane som bestemmer.

Fornya tillit

Styret fekk fornya tillit på generalforsamlinga i Svelgen 6. mai 2019. Det er samansett som følger: Reidar Sandal (styreleiar), Kristin Maurstad, Audun Røys, Ola Teigen, Håkon Myrvang, Olve Grotle, Jorunn Frøyen, Hans-Petter Selstad og Stein Kvalsund.