Meny

Styret si fråsegn om traséval

  • Publisert 16. mars 2017
Styret Kystvegen Mly - Flor 2017

Traséval for kystvegen frå Måløy, via Svelgen til Florø


Fråsegn frå styret i Kystvegen Måløy – Florø AS



Styret i selskapet har behandla saka om traséval for kystvegen frå Måløy, via Svelgen til Florø på sitt møte 15.3.2017. Fråsegna vår er som følger:

Sentrale moment

Følgande moment er det lagt særleg vekt på i vurderinga av saka om traséval for kystvegen frå Måløy, via Svelgen til Florø:

·         Måloppnåing

·         Etablering av eit felles bu- og arbeidsområde

·         Reisetider

·         Trafikksikkerheit

·         Utbyggingskostnader

·         Funksjonalitet

·         Andre samfunnsomsyn, f. eks. mogleg opparbeiding av og tilgang til nye næringsareal

·         Realisme i forhold til regionale og nasjonale styresmakter

·         Utbyggingsrekkefølge

·         Finansiering



Val av trasé

På grunnlag av det tilfanget av saksdokument som ligg føre, og dei drøftingane i saka som ein har hatt over tid, uttaler styret i Kystvegen Måløy – Florø AS følgande:

Det bør byggast ny veg frå rv. 15 på Almenningsfjellet i Vågsøy til Biskjelneset i same kommune. Derfrå må det byggast bru over Nordfjord til Tongane i Bremanger kommune, slik Statens vegvesen har peikt på som ei aktuell løysing.

Etter selskapet si vurdering er det ikkje tilrådeleg å bruke store midlar på å legge til rette for ei ny ferjeløysing mellom Tongane og Biskjelneset som erstatning for noverande samband mellom Oldeide og Måløy. Ein er klart kritisk til ein slik ressursbruk samtidig som løysinga inneber lang reisetid. Ein oppfyller dermed berre i klart avgrensa grad målet om å skape eit felles bu- og arbeidsområde med akseptabel reisetid.

På strekninga frå Tongane må det opparbeidast veg og tunnel til Hamnen med tilkopling til fv. 616 (Bremangersambandet). Den nye kystvegen må så følge den noverande veglinja via Kolset og Bortnen til Sørdalen.

Frå Sørdalen til Svelgen må det byggast ny veg i samsvar med dei planane som Statens vegvesen har lagt fram.

På strekninga frå Svelgen til Indrehus må kystvegen gå i tunnel slik det er gjort greie for i Statens vegvesen si utgreiing. Den sistnemnde strekninga er allereie teken med på Sogn og Fjordane fylkeskommune si marginalliste for framtidig vegbygging.

Frå Indrehus til Myklebustdalen må vegen bli bygd ut i samsvar med den tilrådinga som Statens vegvesen har presentert.

På strekninga frå Myklebustdalen til Flora må kystvegen bli bygd etter det ytre alternativet, via Terøya og til Botnastranda. Det er også peikt på som ei av to aktuelle løysingar i Statens vegvesen si utgreiing. Ein slik trasé vil gi kortast reisetid mellom Måløy, Svelgen og Florø. Den vil dessutan opne for ein alternativ innfartsveg til Florø.

Når det gjeld spørsmålet om opparbeiding av nye næringsareal, vil trasévalet som her er tilrådd, gi Vågsøy kommune gode sjansar for tilrettelegging for slik arealbruk i Vemmelsvik. I Flora vil Terøyalternativet gi tilgang til område som i dag manglar vegsamband, og legge til rette for mogleg opparbeiding av nye næringsareal.

I si tilråding har Statens vegvesen lagt til grunn at ferjesambandet Isane – Stårheim blir oppretthalde etter at den nye kystvegen gjennom Vågsøy, Bremanger og Flora er bygd ut. Styret i Kystvegen Måløy – Florø AS tek den framstillinga til etterretning.

Utbyggingsrekkefølge

Kystvegen gjennom Vågsøy, Bremanger og Flora bør byggast ut etter følgande prioriterte rekkefølge:

1)     Ny veg frå Svelgen til Indrehus

2)     Bru frå Tongane til Biskjelneset med tilførslevegar til rv. 15 på Almenningsfjellet og fv. 616 ved Hamnen

3)     Ny veg frå Svelgen til Sørdalen

4)     Ny veg frå Indrehus og Myklebustdalen, via Terøya til Florø



Styret gav einstemmig tilslutning til ovanståande tekst, med eitt unntak. Avsnitt fem (på side to) om traséval frå Myklebustdalen til Flora var det ueinigheit om:

·         Seks styremedlemmer stemte for utbygging etter Terøyalternativet.

·         Tre styremedlemmer stemte for utbygging etter Grovalternativet.


Florø, 15.3.2017

Kystvegen Måløy – Florø AS

Reidar Sandal

styreleiar

Statens Vegvesen sitt arbeid med Kystvegen

  • Publisert 06. januar 2017
Statens Vegvesen har fått oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune om å utarbeide ei utgreiing for kystvegen i fylket, og presenterte 1. desember 2016 sitt foreløpige arbeid. 
Utgreiinga skal ta føre seg korleis ein kan få ein samanhengande kystveg i Sogn og Fjordane, som del av ein kystveg mellom Bergen og Ålesund. 

Presentasjonane frå arbeidsmøtet finn ein her:

http://www.vegvesen.no/Fylkesveg/kystvegensognogfjordane/presentasjonar?lang=nn

Kystvegen Vegvesenet

Reidar Sandal ny styreleiar

  • Publisert 05. april 2016
Reidar Sandal vart på ordinær generalforsamling 31. mars 2016 vald til styreleiar for selskapet Kystvegen Måløy - Florø AS. Samtidig vart det vedteke å utvide styret frå 7 til 9 styremedlemmar. 
Det nye styret i selskapet er no som følger

  • Reidar Sandal, styreleiar
  • Kristin Maurstad, styremedlem
  • Audun Åge Røys, styremedlem
  • Ola Teigen, styremedlem
  • Håkon Myrvang, styremedlem
  • Olve Grotle, styremedlem
  • Jorunn Frøyen, styremedlem
  • Hans-Petter Selstad, styremedlem
  • Stein Kvalsund, styremedlem

Grov vurdering av brukryssing Otteren-Bryggja

  • Publisert 19. juni 2014
NOTAT - Brukryssing Ytre Nordfjord

Bru Otteren-Bryggja, grov vurdering

Den mest naturlige krysningen i dette området er i den linja hvor kraftlinja går i dag.

Brualternativet er da en tradisjonell hengebru med spennlengde ca. 1600m. Det er ingen muligheter for fundamentering i sjøen. Dette er betydelig lenger enn spennlengden på 860m som lå til grunn for alternativet mellom Tongane og Biskjelneset og vil derfor bli en mye dyrere løsning.

En hengebrulengde på 1600 meter er også i grenseland for hvor langt en kan gå med èn tradisjonell stålkasse, og det er ofte vurdert at ved ca. 1500 meter må en over i to parallelle stålkasser for å oppnå aerodynamisk stabilitet.

Ved en grov kostnadsestimering vil vi anslå en pris som ligger på mellom 2 og 2.5 ganger det vi oppga for krysningen Tongane og Biskjelneset. Dvs en entreprisekostnad uten mva mellom 2.4 og 3 milliarder kr. Med to parallelle kasser blir det et hopp opp. Til sammenligning har Hardangerbrua med et spenn på 1310m en entreprisekostnad på ca 1.5 milliarder kr.

Otteren-Bryggja              

 Oslo 18.06.2014
Stein Fergestad
Prosjektleder Aas-Jakobsen as

Trafikk- og finaniseringsanalyse av ny veg Måløy-Florø

  • Publisert 19. juni 2014
TRAFIKK- OG FINANSIERINGSANALYSE AV NY VEG MELLOM MÅLØY OG FLORØ PRESENTERES TORSDAG 19.JUNI

Sivilingeniør Helge Hopen AS har på oppdrag fra kystvegen Måløy-Florø AS foretatt en trafikk- og finansieringsanalyse av ny veg mellom Måløy og Florø. Konklusjonene fra analysen vil presenteres på kommunestyremøtene i Bremanger og Vågsøy torsdag 19. juni. Pressen er invitert til å delta på kommunestyremøtene i Bremanger rådhus kl. 09.00 eller Vågsøy rådhus kl. 14.00.

Se presentasjonen  fra Helge Hopen her: Trafikkanalyse Mly-Flor_pres_190614.pdf

AP vil finansiere kystvegen med ferjeavløsningsmidler fra Stårheim-Isane

  • Publisert 20. mars 2014
Arbeidarpartiet sitt fylkesårsmøte vedtok følgende uttalelse om 45-minuttsregionen:

"Sogn og Fjordane Arbeidarparti skal halde fram arbeidet med å få realisert kystvegen mellom Måløy og Florø. Dette inkluderer i første omgang Svelgen – Indrehus, deretter kryssing av ytre Nordfjord (Rugsundøy – Vemmelsvik) med bru eller ferje, med tilførselsvegar. Realisering av kystvegen mellom Måløy og Florø er svært viktig for både næringsliv og busetnad i regionen. Vegen er også ein del av kystvegen Ålesund – Bergen, og vil i tillegg til å knyte saman kystbyane Måløy og Florø, gje betre kommunikasjonar til sterke næringsklynger langs kysten, som t.d. Sunnmøre. Samtidig vil innbyggjarane i ytre Nordfjord få kortare reisetid til helsetenester og andre tilbod i Førde.  Opninga av Bremanger 2 i mai 2013 kutta reisetida mellom Måløy og Førde/Florø merkbart, og trafikktala har auka markant. For å få ytterlegare redusert reisetida og bli kvitt smale og trafikkfarlege strekningar, må resten av tiltaka fullførast. Bremanger kommune er i sluttfasen i arbeidet med reguleringsplan for strekninga Svelgen – Indrehus. Når det gjeld kryssing av Nordfjorden, med tilførselsvegar, jobbar Bremanger og Vågsøy kommune saman om reguleringsplan. Næringslivet i regionen har engasjert seg sterkt i arbeidet med 45-minuttsregionen, og peikar spesielt på vegen sin funksjon som samanbindingsveg mellom industrien og hamnene. Finansieringa kan bestå av bompengar, fylkeskommunale midlar, og statleg medfinansiering lovd av den nye regjeringa. Dersom ein vel bruløysing over ytre Nordfjord, vil ferjeavløysingsmidlar for sambanda Måløy – Oldeide og Stårheim – Isane kome i tillegg".


Sogn og Fjordane AP

Se kommentarer i media:

Fjordabladet


NRK Sogn og Fjordane

3 alternative broløsninger i ytre Nordfjord

  • Publisert 05. mars 2014
Skråkabelbro med spennvidde på 860m

Skråkabelbro



Styret i Kystvegen Måløy-Florø har fått overlevert skisseprosjektet på bro i ytre Nordfjord fra det rådgivende ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen. Ytre Nordfjord skal krysses med bro mellom Tongane på Rugsundøy i Bremanger kommune  til Biskjelneset i Vågsøy kommune i nord. Aas-Jakobsen  foreslår tre alternative broløsninger:


1.       Hengebro med en spennvidde på 860m

2.       Hengebro med en spennvidde på 980m

3.       Skråkabelbro med en spennvidde på 860m

Det er ingen vesentlige kostnadsforskjeller mellom de tre alternativene og prisen ligger på ca. 2,4 milliarder kroner inkludert moms. Aas-Jakobsen påpeker for øvrig  at der er gode fundamenteringsforhold i sjø og på land, ingen bebyggelse ved landfester, gode montasjeforhold i beskyttet farvann i sjø og kort tilknytning til hovedveg på begge sider av broa.  

 
Styret i Kystvegen Måløy-Florø jobber nå videre med en finansieringsplan for hele kystvegen Måløy-Florø (tunnel Svelgen-Indrehus og bro i ytre Nordfjord) hvor man ser nærmere på brukerfinansiering, ferjeavløsningsmidler og momsrefusjon.

Innlegg om 45-minuttsregionen for fylkestinget

  • Publisert 26. november 2013
Prosjektleder for 45-minuttregionen, Randi Paulsen Humborstad, presenterte prosjektet for fylkestinget på Politikerdagen den 25. november. Regional Transportplan skal vedtas i desember 2013. Styret i kystvegen Måløy-Florø mener at vegtiltakene på strekningen Måløy-Florø må prioriteres på andre plass i handlingsprogrammet til Regional Transportplan, etter Olden – Innvik. Tiltakene omfatter tunnel mellom Svelgen og Indrehus og bro over ytre Nordfjord.

NRK Sogn og Fjordane 26.11.13